torsdag 11. februar 2016

Strikkedilla


Skappeljakka 


Selbuvott 


Meir Selbuvottar


Endå fleire par Selbuvottar. Framme og bak...


Det siste paret er strikka i alpakka. Dei hine i Sisu.


Babystrikk. Eit sett i blått og eit anna i rosa. Strikka i Lanett.

torsdag 11. desember 2014

Rosenkålhausting 1.sundag i advent!






På sundag var det fyrste sundag i advent og 30.november. Det regna og det var i grunn litt surt og kaldt ute. Me skulle ha lambalår til middag, so då var det dags å hausta årets rosenkål. 8 stilkar med svært so ulike storleikar rosenkål. Rett og slett både sjarmerandes og nydelege var dei! 

onsdag 23. juli 2014

Kvitlaukshausting

I dag var det på høg tid å hausta årets kvitlauk. Lauva var visna, og nokre hadde nesten forsvunne heilt. Det så ut som den egyptiske som me planta saman med tidlegare avling klarte seg best og var klart størst. Så viss eg kjem over fleire slike skal eg jammen meg kjøpa dei! Skal og sjekka nettet for det finst ei sida med økologiske frø og lauk, solfrø? Solhatt var det! Kvitlauken finn du her - sjølv om nett no står det at dei er utselde, so håpar eg dei får innatt før september kjem! Eg må finna det ut og bestilla snarast!


16 stk med stort og smått. Klar auke frå i fjor. Hurra!!


Dette gjev meirsmak!

tirsdag 15. april 2014

God påske!


Me skal på påskebesøk! Det blir stas!
Her er litt av gåva til dei nyinnflytta husbyggjarane, håpar ho fell i smak! 

Håpar å få brukt skia og...
 God påske!

Eg håpar på sol og varme!

fredag 28. mars 2014

Fantastisk gode lakseburgerar!

Oikos sin nettstad renmat.no byr på gode oppskrifter. Eg fekk servert nydelege lakseburgarar til middag hjå naboane, og no har eg endeleg laga dei sjølve og. Enkle å laga og supergode! Oppskrifta finn du her og eg tek meg den fridommen å attgje oppskrifta her, so veit eg kvar eg har ho:

Thailandske fiskekaker

600 g skinn og benfri fiskefilet
2 ss fish sauce
1/2  lime
1 ts finhakket frisk rød chili
1/2 ss frisk ingefærrot
en håndfull frisk koriander, hakket
1 hvitløkfedd, hakket
1 vårløk, hakket
1 ts sesamolje
2 ss maisenna eller potetmel
solsikke-/mild olivenolje til steking

Skyll og tørk fisken godt og legg den i fryseren 1 time så den er iskald. Hakk den fint for hånd eller i matmikseren og legg i en bolle. Rens chilien og fjern frøene. Rør sammen finhakket chili, ingefær, hvitløk, koriander, vårløk, revet skall av lime, litt av saften, sesamolje, mel og bland godt sammen med den hakkede fisken.
Vask hendene så de er helt rene og lag kaker.
Varm olje i stekepannen og stek kakene forsiktig på middels varme noen minutter på hver side, de skal være gjennomstekte og gylne. La de ligge helt i ro til du skal snu dem så blir skorpen fin og sprø og de går ikke i oppløsning.
Oppskrift på deilig saus finner du her.
Hvis fisken er frossen, tiner du den litt før du putter den i matmikseren.utropstegn mini
Har den vært frosset bør du også ha i et egg for å binde massen.

PS.
Me brukar heimelaga hamburgerbrød, omnsbakte potebåtar og mangosalat attåt. Mangosalaten lagar me av mango, frisk koriander, raudlauk, raud paprika og litt chili og mykje limesaft. Nydeleg!

lørdag 26. oktober 2013

Bursdagspresang

Ei av mine beste venninner har bursdag i dag. Gåva fekk ho med seg då ho var her på vitjing for nokre dagar sidan. Ho fall heldigvis i smak. Håpar du har ein superfin dag i dag, guapa! 



onsdag 16. oktober 2013

Kvitlauksplanting

I dag har me planta kvitlauk i hagen. Totalt 27 fedd fekk koma i jorda denne gongen. Eg tok fedda frå tre av kvitlaukane me har hausta no i haust, og so kjøpte eg i tillegg ein svær fersk egyptisk kvitlauk på butikken hin dagen, og me planta og alle desse fedda. 

Eg planta kjøpekvitlauken på venstre sida og i midten ned mot vegen, og dei heimedyrka på høgre sida og i midten opp mot huset, so no vert det spanande å sjå kva som kjem opp til våren!

Kvitlauken me hausta tidlegare i haust var litt liten, men sterk og god på smak og ser slik ut.



I tillegg planta me stiklingar frå mamma sine bærbuskar, og eg håpar eg klarte å lukta meg fram til at det vart to buskar med rips som vart planta her hjå oss. Frå før har me tre solbærbuskar som me planta for to(?) år sidan, og som so vidt gav ti bær i år. Nydelege sjølvsagt! 

Solbærstiklingane som eg hausta hjå mamma i år gav eg til naboen, og dei kom og i jorda i kveld.