fredag 27. april 2012

Meir sjokolademousse og "home-party"

Slik vart min sjokolademousse sjåandes ut:



Og ja, han vart knallgod! Eg anbefalar denne oppskrifta på det sterkaste - sjå dette innlegget for oppskrift...

I tillegg serverte eg tortillachips og guacamole, for å ha noko å balansera det søte og mektige mot, noko som og vart ein suksess :)

No kjem eg altso til "home-partyet". Den flotte dama, Hildegunn Gjerde lagar dei flottaste øyredobbar, smykker og ringar, og eg har og tidlegare skrive om ho. Her viser eg eit utval av produkta som eg hadde på bordet i gårkveld. Mange av dei ligg ikkje i nettbutikken hennar heller, men han finn du her. Bileta vart ikkje så bra, då eg måtte skunda meg å avbilda dei før gjestene kom...







Vart du freista no? Kanskje du har lyst å ha eit "home-party" med Hildegunn sine produkt? Det er berre å ta kontakt  - så ordnar nok det seg! 

Ha ei riktig god helg! 
Her skal sjokolademoussen etast opp og ei oppgåva skal skrivast. Nest siste før sommarferien - heldigvis!

onsdag 25. april 2012

Sjokolademousse


INGREDIENSER:
450 g  mørk kokesjokolade (eg blanda ulike typar, og hadde av dei 50 gram med 70% kakao)
1 dl  sterk kaffe (eg brukte 1 dl nylaga espresso)
8  egg
4 dl  fløte
100 g  melis

FRAMGANGSMÅTE:
Smelt sjokoladen og kaffen i vannbad. Pisk eggeplommene kraftig inn.
Pisk fløten til krem, og ha den i sjokolademassen. Bland det godt sammen, og sett kaldt i 20 minutter.

Stivpisk eggehvitene med melis, og rør inn i sjokolade- og eggeplommeblandingen. Sett det kaldt fram til servering.


TIPS:
Når eggeplommer og eggehvitter skal skilles, bruk skallet. Ved kontakt med hud blir det fett i hvittene som gjør det vanskeligere å få dem stive.

Oppskrifta fann eg på nettstaden: 



































Eg har aldri laga sjokolademousse før, eg har eigentleg heller ikkje vore so glad i det - men tenkte at no måtte eg prøva. Han vart mørk og fyldig, kremaktig og rett og slett veldig god!






Anbefalast på det sterkaste!

søndag 22. april 2012

Trøfflar og triveleg vitjing av gode vener

La Praline lagar fantastiske trøfflar - det kan me skriva under på! Me har hatt herlege vitjing frå gode vener som me ikkje har sett på evigheiter, og difor vart det desto kjekkare å endeleg få dei på besøk!!! Dei hadde med seg vidunderet du kan sjå på biletet over, me fekk smaken kaffi på våre, og dei kan du ikkje få sjå - rett og slett fordi me har ete dei opp - nydelege som dei er og fantastiske gode saman med ein kaffikopp. (Og difor har eg tjuvlånt nokre bilete frå verdsveven) Anbefalast på det sterkaste - og våre gode vitjarar kunne rapportera at Meny no sel dei, i tillegg til blomebutikkar og interiørbutikkar. Eg skal iallefall kjøpa fleire av desse - og som sagt, veldig kjekt å få i vertinnegåve!

Me har hatt ei fin helg - håpar du har hatt det same!

fredag 20. april 2012

Shinedesign

Flotte Shinedesign har blogglotteri, og eg kryssar fingrane og håpar på vinnarlukke :)

Her er det helgevask og rydding til besøket som kjem i morgon på programmet, i tillegg til studiar og matlagingskos. Det er godt det er vår, og eg kryssar fingrane for sol i morgon og!

Ha ei riktig god helg alle saman!

mandag 9. april 2012

Frk. Gjerde er gullsmed og lagar dei flottaste produkt

No nærmar det seg konfirmasjonstid og for ikkje å snakka om bursdagsmånaden mai (er det ikkje då flest har bursdag?) - i min familie og venekrets verkar det jaffal slik. Eg anbefalar ein kikk inn på nettbutikken til Frk. Gjerde for herlege freistingar, som til dømes dei tøffe øyredobbane på biletet over. Du finn Eplabutikken hennar her!


Litt vanskeleg å sjå på biletet kanskje, men det er små sylvknappar som Frk. Gjerde har laga for hand i sylv.

Om denne ringen skriv ho:
Nydeleg ❤-ring med dobbel ringskinne av 925 sylv, og massivt hjarte i 585 gultgull.
Storleik : Kan bestillast i den str. ein ynskjer.
Breidde på ringskinna : ca 5,5mm

NB ! bestillingsvare.
Handlaga av meg, med mykje kjærleik❤
Freistande? Ho har mange fleire både søte, stilige, tøffe og romantiske produkt i nettbutikken hennar! 
Løp og kjøp! (Ho er dessutan ei veldig kjekk jente i tillegg, berre so det er sagt!)

Me er vel heimkomne, utsovne og nydusja etter ein kjekk påskeferie heima hjå ho mor. I dag står siste innspurt med oppgåva på tapeten, og ellers vasking av klede og førebuing til kvardagen att.

lørdag 7. april 2012

Påskeafta og påske-egg

Påskeegg er flere forskjellige former for egg som blir brukt til mat og pynt i forbindelse med feiring av påske. Egget er så sterkt knyttet til påsken at nordmenn dobler forbruket av egg i påskeuken. I løpet av de fem påskedagene spiser nordmenn omtrent 21 millioner egg. [1] Eggene har røtter i både jødiskkristen og hedensk tradisjon. Tradisjonelt har påskeeggene vært dekorerte hønseegg, men i nyere tid har vi også fått påskeegg av sjokolademarsipan eller annet godteri og plastegg fylt med smågodt. Skriv Wikipedia
Bilete tjuvlånt her, sidan eg framleis ikkje har med meg kameraet. 

Her har jaffal påskeegga hatt sitt inntog, både i form av vanlege hønsaegg og som pappegg med snop og sjokolade i. Det eine større enn det andre. Og minstemann i huset fekk til og med ei lita tannkremtube i egget sitt, skal tru om han er byrja å verta bekymra for tannhelsa og, påskeharen? 

Sjølve påskeeggdekoreringa har me ikkje kome til enno, men målet er å få laga slike egg som mamma laga når eg var lita. Dei var både malte og påkledde med stoff, dersom me kjem i mål med desse kjem det bilete når eg er vel heima att...so får me sjå om tida strekk til...

Kan ellers rapportera om nydeleg ver både i går og i dag. I går tok eg meg oppgåveskrivefri og me reiste til fjells for å vitja dei som var på stølen. Fantastisk ver og fint føre, me naut gode timar i solveggen og fekk servert nydeleg middag med heimelaga korv før me vende nasa heimover att. Det vart mykje lott og løye, særleg sidan dei fleste av oss, og jaffal eg, tryna godt i løypa på veg nedatt - bratt ja!

I dag står oppgåva igjen på plakaten, og eg lukkar augo for solstrålane som lurer seg inn... og fokuserar i fyrste omgang på Hobbiten og han sine erfaringar på eventyr med dvergane....Kjekt det og!
Fortsatt god påske!

torsdag 5. april 2012

Oppgåveskriving pågår...

Biletlink lånt her
Biletlink lånt her
Biletlink lånt her

Det er litt vanskeleg å få arbeidsro når ein er heima på påskeferie saman med resten av familien, men eg held no på med oppgåva på eit vis. Eg skal skriva om engelsk barnelitteratur, og har ikkje heilt klart å landa på kva eg skal fokusera på...og det gjer det heile litt vanskelegare. Men eg har byrja på ny, for 3.gong i dag/går og nærmar meg truleg målet litt. Oppgåva skal leverast straks etter påske, så difor sit eg her no medan ho mor jobbar og jobbar, og dei herlegaste luktar kjem frå kjøkenet. I dag står lammelår med fløytegratinerte poteter, soppstuing, rosenkål, gulrøter og nydeleg sos på menyen. Eg kjenner svolten knurra i magen, og gler meg til middag. Det er visst påtide med ein pause no!

Bøkene du ser over er godt lesestoff - enten du og skal skriva oppgåva om dei, eller berre kosa deg med ei bok i påsken! Den nederste, som truleg ikkje alle kjenner frå før, og som vert kalla Lyntyven på norsk, vil eg anbefala til alle over 11 år å lesa, gutar som jenter, menn som damer - veldig spanande frå fyrste sida og samstundes lærer ein mykje om gresk mytologi. Kjekt!

God lesnad og god påske vidare!

onsdag 4. april 2012

Påskeferie - jippi - og oppgåveskriving - ikkje fullt so jippi...

No har me forflytta oss heim til ho mor, endeleg, for det er lenge sidan sist me var her - heilt sidan jol. Her skal me kosa oss med god mat, vener og familie. Me håpar å få til ein skitur på stølen etter gamalt, det er visst brått fleire år sidan me har hatt ski på beina no - så det er på tide! Kameraet har me gløymt att heima, så det vert dårleg med biletdokumentasjon. Kanskje like greitt? Og då tenkjer eg på knall og fall på ski, ikkje dei nydelege blomane som ho mor har fått på bordet!

I tillegg må eg skriva ei oppgåva, ho skal leverast straks etter påske, og eg hadde ikkje sjanse om å byrja på ho tidlegare, for eg leverte ei oppgåva rett før ferien og. Jaja, no har eg jaffal fått byrja, og då er ein baug forsert jaffal...

Sidan eg ikkje har nokre bilete herifrå å dela, legg eg ut nokre frå bordet heima, som de ser vart det ikkje noko påskepynting i heimen før me tok ferie. Travle tider har det vore, og det kjem det vel til å fortsetja med ei stund til. Berre ein liten påskehare som har sneke seg nesten ubemerka inn i huset i år...

Som du ser so har eg ikkje ein gong klypt av "lappen" frå ryggen til haren ein gong, stakkars hare som må gå rundt med prislappe på seg. Eg kan heldigvis seia som sant er at eg har gjort det no, so no slepp han å sjå slik ut lenger.

Eg tykkjer desse fargane er så fine saman. Ton i ton, grått og metall, og ulike nyansar av turkis. Herleg!

I skåla var det mørk sjokolade 70% med peppermynte. Nam nam - treng eg seia meir? Han finst ikkje lenger no...
GOD PÅSKE!

P.S. No har eg tøffa meg og meldt meg på NIB si utfordring om fargar - eg berre måtte - eg elskar fargar, sjølv om kanskje eg ikkje har fått det fram her inne enno...Men bileta over, det er jaffal meg og mine fargeval! Jaja, no må eg snart koma meg vidare med oppgåva...ha fortsatt god påske!