Biletlink lånt her
Biletlink lånt her
Biletlink lånt her
Det er litt vanskeleg å få arbeidsro når ein er heima på påskeferie saman med resten av familien, men eg held no på med oppgåva på eit vis. Eg skal skriva om engelsk barnelitteratur, og har ikkje heilt klart å landa på kva eg skal fokusera på...og det gjer det heile litt vanskelegare. Men eg har byrja på ny, for 3.gong i dag/går og nærmar meg truleg målet litt. Oppgåva skal leverast straks etter påske, så difor sit eg her no medan ho mor jobbar og jobbar, og dei herlegaste luktar kjem frå kjøkenet. I dag står lammelår med fløytegratinerte poteter, soppstuing, rosenkål, gulrøter og nydeleg sos på menyen. Eg kjenner svolten knurra i magen, og gler meg til middag. Det er visst påtide med ein pause no!
Bøkene du ser over er godt lesestoff - enten du og skal skriva oppgåva om dei, eller berre kosa deg med ei bok i påsken! Den nederste, som truleg ikkje alle kjenner frå før, og som vert kalla Lyntyven på norsk, vil eg anbefala til alle over 11 år å lesa, gutar som jenter, menn som damer - veldig spanande frå fyrste sida og samstundes lærer ein mykje om gresk mytologi. Kjekt!
God lesnad og god påske vidare!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar