fredag 31. mai 2013

Pavlova og helg

Eg lagar ofte mini-pavlova'ar, for då er det lettare å tilpassa gjestetalet. Desse er seige og gode inni, og står seg fint utan krem og bær i vekesvis. Fint å ha, særleg dersom ein plutseleg får overraskande besøk!
Ha ei riktig god helg!

tirsdag 28. mai 2013

Sjokoladepiken i Stavanger

Sjokoladepiken i Stavanger er ein plass 
eg må vitja når eg er i byen. 


Heimelaga sjokolade, dessertar og is, god kaffi og so vidare! 



Laurdag åt eg og Katten  dessert der, me delte. Ein hasselnøttmousse med bringebærsaus og ein pasjonsfruktmousse med pasjonsfruktsaus inn til. 

Nydeleg!!


Beklagar for nok ein gong grumsete nærbilete. Se la vie!

fredag 24. mai 2013

Sumaren er komen og graset er grønt



Eit uklart bilete får stå som ikon på helga. Fint ver og sumarstemning på altanen. Herleg.

I tillegg postar eg oppskrifta på desserten som eg laga til tirsdagsklubben (som denne veka var på onsdagen) - herleg marinert ananas med lime- og kvit-sjokoladekrem. Friskt og godt. Kan anbefalast! Oppskrifta fann eg her (kva gjorde me før google kom?!). Og med denne oppskrifta helsar eg god helg!

Denne fra NRKs Kokke-Lise er fantastisk, både kremen og ananasen. Ikke så vanskelig å lage som det ser ut ved første øyekast heller  :) 
Jeg bruker hele ananasen, da må du lage litt mer lake, men trenger egentlig ikke dobbelt så mye. Også har jeg i litt mer krydder enn det står. Jeg serverer bare ananasen fra en bolle og kremen i en skål ved siden av, ikke i porsjonsformer som det står her.

Lime- og yoghurtkrem med marinert ananas
Har du lyst på noe godt? Lime- og yoghurtkrem med hvit sjokolade og ananas kombinerer syrlig og søtt på en herlig måte! Kokke-Lise viser deg hvordan.

Dette trenger du:
4 pers.

100 g hvit sjokolade
1 lime, saft og revet skall
1 ss sukker
1 stor eggeplomme
2 dl yoghurt naturelle
1/2 dl fløte, vispet til krem

Kryddermarinert ananas:
1/2 ananas
1 dl sukker
1 dl vann
1 stjerneanis
1 kanelstang
1 vaniljestang
6 hele svartpepper

evt. 100 g hvit sjokolade til pynt

Slik gjør du:
Finhakk sjokoladen til kremen og smelt den i mikroovn eller over et vannbad.Visp sammen sukker, limesaft og limeskall.
Visp eggeplommen inn i den smeltede sjokoladen. Rør inn limesukkerblandingen
og yoghurt. Vend til slutt inn vispet krem og fordel kremen i fire skåler eller glass.
La det stå kaldt, gjerne natten over.
Skjær av skallet på ananasen, fjern stilken og kutt ananasen i terninger.
Del vaniljestangen i to og skrap ut frøene. Kok opp sukker, vann, vanilje, anis, kanel og pepper.
La det koke til sukkeret er oppløst. Hell den varme laken over ananasterningene og sett det til avkjøling.
Server lime- og yoghurtkremen sammen med ananasen.
Begge deler kan med fordel lages dagen i forveien.
Pynt med f.eks. sjokoldespon. Eller, smelt sjokoladen og stryk den utover bakepapir eller et overhead-ark.
Avkjøl sjokoladen i kjøleskapet og bryt den opp i flak som du pynter desserten med.

torsdag 23. mai 2013

Tirsdagsklubb-middagen

Me er ein gjeng som er gode vener og naboar som starta opp ein middagsklubb for ei god stund sidan, me snakkar halvanna til to år. Det går ut på at kvar tirsdag et me middag saman, tre par, dvs. kvar tredje veka er det vår tur. Og i dag var det vår tur, sjølv om det er onsdag i dag, me utsette det ein dag pga. handling av rådvarer etter pinsen og det var noko på menyen som måtte stå natta over. Regelen er at Det skal helst vera tre retter, og i allefall hovudrett og dessert. I dag droppa me forretten og gjekk rett på hovudretten: smørbrødkaka. Ho vart knallgod og såg slik ut:





Oppskrifta får eg leggja ut ein annan dag, no er det rett i loppekassa her! God natt!

fredag 17. mai 2013

Hjarteleg til lukka med dagen!

Me har feira dagen med lønsj hjå naboen. Der var mykje god mat og drikka! Dette er noko av det me tok med til skiftet.



Ha ein fortsatt fin dag! 

søndag 12. mai 2013

Nesten litt påskestemning

Eg byrjar morgonen i dag med å kosa meg med kaffi og litt strikking før eg skal kasta meg over masterskrivinga att. I går kjøpte eg både nytt garn og mandariner, og då eg skulle til å byrja her kom eg nesten i påskestemning. Litt fint og, sjølv om me er i mai. Solaskin, so eg skal unna meg ein skrivepause seinare og rett og slett ta ein lesepause i sola. Eg gler meg!




torsdag 9. mai 2013

God start på langhelg og studiehelg!

Katten sin nylaga espresso drukke medan ein framleis er i pingvinpysjen. God start på langhelg med forhåpentlegvis mykje studering og skriving! God helg til deg og!

Og so i beste mummikoppen då! Herleg!

lørdag 4. mai 2013

4xbursdagsfest

Me skal i bursdag for å feira to gutar og to jenter i dag. Stas! Me håpar dei likar gåvene dei får.










Ps. Eg ser no at alle bileta er på hovudet, men med ny pc og lita tid vart det berre slik. Eg anar rett og slett ikkje korleis eg kan få snudd på bileta, og har lita tolmodigheit til slikt "potl"! Slik er det berre. Punktum.