mandag 26. mars 2012

I dag kom mitt favorittblad dumpandes ned i postkassa

også i dag, når eg ikkje har tid til å opna og smugkikka i det ein gong. Eg skal levera ei oppgåva om 2 dagar, har foreldresamtalar både i morgon og på torsdag, mange oppgåver å retta og så vidare... Jaja, kjekt å ha noko å gleda seg til og! ...eller skal eg berre ta å smugkikka litt før eg set i gang med jobbinga?

Abonnerar du på Rom123? Kva er ditt favorittblad? Og kvifor? Det eg likar så godt med Rom123 er at det er fokus på mogelege prosjekt og har levelege prisar på mange av produkta dei viser. Rett og slett god og smittande inspirasjon! Og nei, eg er på ingen måte sponsa av bladet. Eg skriv av eiga fri vilje og på eige initiativ!

Ha ein fin kveld, med eller utan Rom123!

søndag 25. mars 2012

Tulipanar

er noko av det finaste eg veit når det kjem til blomar. Eg trur det er fordi dei lever, utviklar seg og skapar liv rundt seg. Det er og våren sin blom, og dei ber med seg bodskapen om sol og varme. Dei er nydelege om dei er kvite eller fargerike som dei du ser på biletet over. Eg er litt vanskeleg når det kjem til fargeblanding, og difor stod eg på kjøkenet og sorterte fargane i den store tulipanbuketten eg hadde snopa meg. Raude for seg, gule for seg, kvite for seg og til slutt dei rosa for seg. Slik fekk eg og herlege fargeklattar spreidd utover i stova og på kjøkenet. Nydeleg. No er diverre desse tulipanane reist. Inn kom ein nydeleg bukett frå ei venninna, men desse har eg ikkje fått avbilda endå. Her står oppgåveskriving på tapeten - ha ein god sundag!

lørdag 24. mars 2012

Tomt


Me har vore å sett på tomt i dag - so spanande! No må me høyra med kommunen om me får byggjeløyve, noko som er endå meir spanande. Me går med andre ord uvisse tider i møte, forhåpentlegvis uvisse i positiv retning. Får me byggjeløyve vert det tomtekjøp på oss, so tomterydding og tomtesprenging og tomteplanering. Og ein gong i framtida husbyggjing...eg kjenner det kriblar i magen. Tenk å få det akkurat slik me ynskjer oss huset. 

Det vert nok litt tomtetenkjing på meg her inne framover. Og kanskje litt mindre reising enn før? Reisinga ofrar eg gjerne for draumetomta! Sjølv om det var veldig kjekt i København i vinterferien. Med nydeleg sol, men sur og kald vind. Litt shopping vart det og då, mellom anna boksen du ser på biletet over. Kjøpt hjå Tiger - ein altmogelegbutikk med mange kjekke og ikkje minst billige ting og tang. Ein av mine "må vitja"- butikkar når eg er i Køben. Innimellom er eg innpå nettsida deria og drøymer meg vekk, sjølv om eg veit at dei ikkje sender til Noreg. Kjekt med litt inspirasjon og! Etter tomteturen i dag var me innom på den lokale bruktbutikken, der vart det "berre" eit serveringsfat på meg - eit som passar mugga i innlegget under perfekt. Endå eit kupp! 

Etter tomteturen kom me heim og laga deileg lønsj, pastasalat med varm kylling og god dressing. Så bar det ut på verandaen for å nyta kaffikoppen i solvarmen - herleg! Tenk å kunne sitje ute og lesa i sola allereie i marsmånad, det kan eg ikkje hugsa å ha gjort før?

Ha ein fortsatt fin laurdag!

fredag 23. mars 2012

Brukthandling

er noko av det kjekkaste eg veit. Kjensla av å ha gjort eit (eller fleire) gode KUPP er herleg! Under ser du eit av kuppa eg gjorde sist helg på Fretex.


Kva er det som er så spesielt med denne brune panna då tenkjer vel du? Ho vekkjer gode minne frå barndommen - og dessutan er det stas å ha lik panna som ho mor! Panna rommar 3 liter, er tjukkbotna og frå sjølvaste Høyanger Polaris. Eit ekta kupp!!



Mugga som kan sjåast på biletet til høgre er den minste av to i same serie. Eg må innrømma at eg er begeistra for mugger. Den minste er fin til fløyte- og mjølkemugga, og den som er litt større ser eg føre meg kan med stor fordel nyttast som vinmugga - til dømes ute på terassen ein varm sumarkveld? Eg likar keramikk og eg likar mugger. Slik er det berre.

No ser eg fram til neste bruktbutikk runde, og kryssar fingrane for at eg klarar å lura med meg katten på ein liten kikkerunde i morgon...

Ha ein fin fredagskveld!

lørdag 17. mars 2012

Ynskjeliste som utgangspunkt


Kremmerhuset var eit av måla for dagens utflukt - og høgast oppe på ynskjelista var den tøffe GULE stålampa som du ser på biletet over. Biletet har eg lånt frå bloggen til Kremmerhuset. Diverre (eller kanskje heldigvis? - det vart jaffal billigare slik) var lampa utseldt, dei hadde ho i grå, men det frista ikkje. Så eg endte opp med å gå tomhendt frå butikken denne gongen. Heldigvis var det andre butikkar som hadde noko å by på, og nokre av funna skal eg prøva å ta bilete av i morgon for å visa fram.

onsdag 14. mars 2012

Espresso



Espresso er noko av det beste eg får å drikka. Cortado er 
kanskje favoritten.  Allerhelst servert av Katten (med stor K - det vil seia mannen). Biletet er teke i Kroatia for nokre år sidan og vekkjer gode minne. Snart er det ferietid att, skal tru kvar turen går i år? Vert det inn- eller utland? Me har ikkje lagt so mange planar enno. Herleg det og!  

Blogging

Blogging, kva er det? Passar det for meg og mine? Vil eg få det til? Mange tankar og spørsmål. Dei har vore her ei stund. Eg byrjar no so smått å blogga, rett og slett fordi eg har lyst!

Samstundes trur eg at blogginga vil hjelpa meg til å rydda, systematisera og vera ein stad å lagra minner.
Det vil tida visa.