torsdag 29. november 2012

Smalahove på kok

Nydeleg lukt breiar seg i huset. Smalahovet er kome på kok, og eg gler meg til middag i dag. Saman med hovudet serverar eg nykokte poteter og nepa (kålrabi for dei som ikkje er ekta vestlendingar). Nokre lagar nepestappa, og det er jo knallgodt, men det er mykje enklare å eta vanleg kokt nepa til. Smalahove er nemleg ein rett kor ein stort sett brukar nevane (fingrane) til å eta. Å kor eg gler meg! Nesten jolafta i dag! :)

Vart du misunneleg no? Du kan tinga smalahove og få dei sendt direkte på døra di hjå Smalahovetunet!
God middag!





onsdag 28. november 2012

Årets fyrste gløgg i koppen

I dag har det nesten vorte ligg jolestemning i heimen. Eg rørte saman småkaker med sjokolade og hakka mandlar tidlegare i dag. Rom 123 var komen i postkassa, so no i kveld har eg kosa meg i sofakroken med favorittbladet saman med årets fyrste kopp(ar) med gløgg. Sjølvsagt med rosiner og hakka mandlar i. Nydeleg.



Me laga Tomtegløgg varianten i kveld - enkelt og greitt. Men eg ser at me må prøva oss på både ei og to oppskrifter frå scratch. Rom 123 baud på minst ei oppskrift, og det ser eg at mange andre gjer og. Eg avventar inspirasjon og gløgglyst.

Ha ein strålandes kveld vidare!

tirsdag 27. november 2012

Skohimmelen - Gdansk eller Danzig om du vil





To netter har vorte tilbragte nær sagt i skohimmelen. To damer på tur, laurdag til måndag. Me rakk både shopping - særleg sko, og då snakkar me gode, ekta skinnsko i ymse variantar og design, og kos. Me bestilte oss og massasje på hotellet. Sjokolademassasje. Me visste ikkje kva me gjekk til, det var mest sjokolade og lite massasje. Kunne ha ynskt oss at ho tok litt meir i - shoppingmusklane hadde trengt det! Men avslappande var det jaffal...

Gdansk var vel verdt eit besøk! Neste gong tek eg med mannen, slik at han og kan få seg nokre skopar ;)

lørdag 24. november 2012

Mi ynskjeliste frå Kremmerhuset

Dei har so mykje fint på Kremmerhuset! Kvar gong eg er ein stad kor Kremmerhuset har butikk må eg innom, og no er det lenge sidan, altfor lenge sidan, eg har vore ein slik stad - og det er så mykje eg har lyst på... 
                       Kva ynskjer du deg frå Kremmerhuset?

fredag 23. november 2012

Mummi-koppen Kjærleik

Eg har endeleg meldt meg som blodgjevar. Fyrste gong eg var å skulle gje blod fekk eg denne nydelege koppen som "premie" - sjølv om eg ikkje fekk gåve blod. Eg hadde nemleg vore på Kreta i haustferien, og det var berre ei veke sidan me var heimkomne - det er to veker med karantene etter at ein har vore i utlandet for å gje blod. Det visste ikkje eg. No ventar eg berre på neste innkalling, og gler meg til å få ein ny mummikopp i hylla. I love it!

Er du blodgjevar? Du kan melda deg her!