søndag 7. april 2013

Matsundag

Me har hatt ein travel, men kjekk sundag med besteforeldra og andre slektningar av katten på vitjing. Det stod både ribba, moltekrem og blautkaka på menyen. Bordet vart enkelt dekka og så slik ut:




Blautkaka vart sjåandes slik ut. Eg trur eg må laga blautkaka litt oftare, slik at eg får litt pyntetrening...







So er me snart klare for ny veka! Ha ein fin kveld vidare!

tirsdag 2. april 2013

Påsken 2013

Me har hatt ein strålandes påske, slik som mange andre i år. Herlege dagar med sol og fyrst vår, før me reiste heim til ho mor kor det var snø og vinterland. Her kjem eit biletras for å verkeleg syna fram dei gode dagane me har hatt. Håpar din påske har vore lika fin!


Heilt naturleg og den einaste påskepynten me hadde framme i år. Godt å kvila augo på.



Herleg vårstemning i lufta!


Overgangen er jammen stor; frå kyst til fjell på kort tid. Fint!




Nydeleg skiføre! Det vart skigåing kvar dag! Eg likar å gå på bortover ski!

'
Det obligatoriske kvikklunsj-biletet...



Det er visst ikkje berre menneska som tykte at det var fint ver å ta seg ein tur ut i...



Ein kaffipause og tur til finaste Patina måtte og leggjast inn i planane! Eg anbefalar verkeleg å ta turen innom der!! Verdas beste cortado og trivelegaste eigarar + mykje kjekt å kjøpa i brukt og nytt-butikkavdelinga gjer staden til eit skattkammers!




No kallar kvardagen att med jobb og studie. Det er fint det og!