torsdag 17. mai 2012

17.mai


Hjarteleg til lukka med dagen!

Noreg sin nasjonaldag har so vidt vorte feira i dag, takka vera svigermor og svigerinna. Dei laga god mat og kaker -nam nam! Eg har vore nede for teljing, igjen, med ein kraftig biholebetennelse og det som høyrer til den. Heldt ut matøkta og so var det heim å sova i 4 timar - heilt kaputt. Neste år VIL eg ha på meg den flotte bunaden min og vera ute heile dagwn eg og!

Håpar du har hatt ein fin dag - i sol eller regn - og er du ekstra heldig har du hatt bunaden på og!

onsdag 16. mai 2012

Levande ljos på bordet

Dersom du tek vekk tulipanane og  tenner på ljosa ser du mitt bord i kveld. Eg har fyr i ovnen og det regnar ute. Ikkje akkurat noko fint maiver å skryta over...

No skal eg krølla meg saman i sofaen og sjå ein episode med Miss Marples frå NRK nettTV.

Ha ein fin kveld du og - og ein fin 17.mai i morgon!



mandag 14. mai 2012

Strikkapuff






Endeleg (og det var faktisk for ei lita stund sidan - les veker sidan - ) vart strikkapuffen min ferdig. Bileta vart og tekne for ei stund sidan, som du ser var det fint ver den dagen (og difor var ljosestakane komne på golvet for at ikkje ljosa skulle smelta i sola - og lat som eg er gadd eg ikkje/ gløymte eg å setja dei oppatt før eg tok bilete), i motsetning til i dag, for å seia det slik. Strikkinga var eg ferdig med i januar, medan det som tok tid var å somla seg til å montera han. Eg ser vel og på biletet at eg har "gløymt" å festa ein tråd...

Eg kjøpte glidelås og sydde den i endane, slik at det skal vera lettare å vaska han når det trengst. Eit langt stykke med rettstrikk begge vegar og så samansying av endane og til slutt snurping oppe og så fylling før ein snurpa att nede og. Eg har 3 gamle grøne militærsoveposar inni, kjekt å kunne bruka noko som berre ligg på lager i staden for å kjøpa nytt! Eg kjøpte garn på Coop Extra og betalte berre 10 kr pr nøste, ullblanding med acryl - så er det litt slitesterkt og. Vel 16 nøster gjekk det med til denne puffen, eg har nokre nøster att, og det kan vera greitt å ha til stopping kanskje? Katten har heldigvis ikkje lagt sin elsk på puffen endå...

Angrar kanskje litt på at eg ikkje strikka i einsfarga, men dei fargane han er melert i no passar jaffal veldig godt inn i interiøret her i huset og han vert litt meir anonym enn om han hadde vore knasj gul for eksempel...
Neste gong eg strikkar puff (dersom det kjem til å skje), skal eg laga han endå litt større - eg kunne ha yngst at han var litt høgare! Vurderer faktisk å spretta oppatt snurpinga i endane og strikka ende i staden, men det kjem jaffal ikkje til å skje før sommarferien for å seia det slik!

søndag 13. mai 2012

Bursdagskort...

Me var i trippel bursdagsfeiring i går, to gutar og ei jenta - sysken, og me er heldige å vera onkel og tanta til dei alle saman! Gutane hadde fått pakke allereie, og jenta skulle feira på forskot - og kva i alle dagar skulle ho få?! Tenåring vert ho viss og - stor jenta. Og til London skal ho på kosetur med mammo og pappen i sommar. Det er kjedeleg å gje vekk pengar syns eg, men når eg veit at det var det som stod på lista, ja då får ein gjera det beste ut av det...




Fargane kunne ha vore betre, men det gjekk litt fort føre seg og i siste liten som vanleg. Bursdagsjenta vart i alle fall glad for kortet og sperra augo opp då ho såg kva som var inni :) Som du ser så er valutaen engelske pund, slik at ho ikkje kan bruka dei opp før ho fer :) Me hadde ikkje meir enn 10 pund på lager, difor vart det ein liten presang attmed, men små ting som ho hadde bruk for.

Ein kjekk dag, med god mat og nydelege kaker. Sol vart det og når det lei på. Fint!

PS. Skulle gjerne kunne sagt at ideen var min heilt åleine, men eg fann tips til ulike bursdagskort med pengar på bloggen til Nøstebarn for ei heil eva sidan. Du finn bloggen her, og må bla deg tilbake til i fjor i jaffal for å finne dei. Det var veldig kjekt å laga eit slikt kort, og neste gong skal eg planleggja det litt betre og bruka litt meir tid og fantasi - eg gler meg allereie!

lørdag 12. mai 2012

God helg ynskjer kattane her i garden...




God helg ynskjer katten og eigarane hans deg. Er han ikkje fin? Dette biletet er gamalt, faktisk heilt sidan han var nesten ny (på det øverste biletet kan øyra til Store Katten skimtast, noko som viser at katten sit på skuldrane til Store Katten, noko som igjen viser storleiken på katten då, og det er noko han ikkje klarar å gjera no lenger) so katten er større no, men framleis like vakker, snill og god!

Det er lengje sidan eg har vore innom her no, eg har levert nok ei oppgåve på studiet mitt, store katten har hatt bursdag (som vart feira med heile familien hans på pinnakjøtmiddag og suksesskaka til dessert - ein suksess) og eg har klart å verta sjuk att. Heldigvis berre forkjøling og tette biholer (nok ein gong), men heldigvis fordi det kjendes ut som influensa då det fyrst sette inn. Eg har teke bilete av den ferdige strikkapuffen som eg har laga, men dei bileta får kome når dei kjem. Ting tar tid.

Til den tid: HA EI SUPER HELG!