onsdag 27. mars 2013

Mobilblogging - lampe og flodhestar - dette er ein prøve!

Den nye lampa mi frå Kremmerhuset skin so fint og solar seg i sollyset. Gul og fin ho og! Skjønt støvet visar ekstra godt no...

Keramikkflodhestane kosar seg og i sola, og dei nydelege pastellfargane kjem til sin rett!!



tirsdag 26. mars 2013

Påsken so langt...

Påsken har so langt vore herleg avslappande! Me har ete litt snop, slappa av, gått tur i finveret og berre kost oss. I tillegg har eg prøvd å studera litt kvar dag, i håp om å bli ferdig til fristen går ut...




Nydeleg kakao i koppen og sjølvsagt appelsin høyrer med til turen!


Og av og til gjer me berre slik som katten...

Slappar av og nyt livet!

Og med desse bileta ynskjer eg deg ein fin og god påske vidare!!!