lørdag 26. oktober 2013

Bursdagspresang

Ei av mine beste venninner har bursdag i dag. Gåva fekk ho med seg då ho var her på vitjing for nokre dagar sidan. Ho fall heldigvis i smak. Håpar du har ein superfin dag i dag, guapa! 



onsdag 16. oktober 2013

Kvitlauksplanting

I dag har me planta kvitlauk i hagen. Totalt 27 fedd fekk koma i jorda denne gongen. Eg tok fedda frå tre av kvitlaukane me har hausta no i haust, og so kjøpte eg i tillegg ein svær fersk egyptisk kvitlauk på butikken hin dagen, og me planta og alle desse fedda. 

Eg planta kjøpekvitlauken på venstre sida og i midten ned mot vegen, og dei heimedyrka på høgre sida og i midten opp mot huset, so no vert det spanande å sjå kva som kjem opp til våren!

Kvitlauken me hausta tidlegare i haust var litt liten, men sterk og god på smak og ser slik ut.



I tillegg planta me stiklingar frå mamma sine bærbuskar, og eg håpar eg klarte å lukta meg fram til at det vart to buskar med rips som vart planta her hjå oss. Frå før har me tre solbærbuskar som me planta for to(?) år sidan, og som so vidt gav ti bær i år. Nydelege sjølvsagt! 

Solbærstiklingane som eg hausta hjå mamma i år gav eg til naboen, og dei kom og i jorda i kveld.


søndag 6. oktober 2013

Haust

Bileta under talar for seg sjølv. Haust er lik hausting.




Nydeleg kaffi fått i gåve frå ei god veninne.


Smalahove over. Nam nam!
Og heimalaga rullepølse under. No heng ho til røyking. Gu' kor eg gler meg til å smaka!

Eg elskar hausten!

lørdag 24. august 2013

Dyrking

Dyrking av blomar, frukt og grønsaker er både kjekt og spanande. No har den eine pelargoniaen kome ut i full blom, medan den andre framleis er i knopp. Fin farge!

Plommene har byrja å modna, og eg ser forskjell frå i dagtidleg til i ettermiddag. Nam nam!




Chilipaprikaen har fått flytta inn i glaskarmen sidan det er kaldt om nettene, og me ventar spent på at fruktene skal byrja å skifta farge...


Tomatplanta har skifta farge i dag, og me gler oss til snart å få smaka årets fyrste tomater! Sjå forskjellen på bileta under, dei er tekne med berre eit par dagars mellomrom. Eg ynskjer meg fleire soldagar no framover!





Kvitlauken vart hausta for nokre dagar sidan. Dei var ikkje so store som dei eg såg austpå i fjor og som var frøa til desse. So no er eg i tenkjeboksen om eg skal bestilla nye til såing, eller nytta desse. Dei smakar i allefall sterkt og at det er kvitlauk er det inga tvil om!


Eg kryssar fingrane for ein ny soldag i morgon!

fredag 2. august 2013

Pause

Medan Katten las igjennom det eg har skrive på masteroppgåva i dag, reinska eg jordbær og piska krem til å ha oppå marengsen som eg hadde på lur. Herleg og velfortjent pauseluksus!




No er det attende til skrivinga.

Ha ei god helg i vente!

søndag 7. juli 2013

Sommar og NIB's sommarutfordring

Vågar eg verkeleg å delta på NIB's sommarutfordring?
Eg vågar. Premien er så fin, at eg berre må kasta meg uti det!


Det var ein nydeleg dag i går, og heldigvis bestemte eg meg for å nyta han litt, innimellom masteroppgåveskrivinga mi. Og i dag? Regn. 

Jammen er eg glad eg fylte på med nokre solvitaminar i går! Den fine dekkstolen min (er det det heiter?) er kjøpt i år på Ikea, og eg er supernøgd. Fine fargar og god å sitja i. At han var billeg er og eit pluss! 

I glaset er det heimelaga rabarbrasaft frå i fjor, herleg og forfriskande drykk i solsteiken! Lektyren kom ikkje med på biletet, likegreit kanskje, her eg sit å les akademiske artiklar i fleng.

Som du og kan sjå på bileta, trengst det både hagearbeid (les opprydding, luking og nyplanting!) OG beising av platting. Eg får sjå kva Katten røkk på i sommar, eg må prioritera masteroppgåva som skal (forhåpentlegvis) inn i september. Og dessutan, me finn vel arbeida som ventar att til neste sommar?!! Av og til, må ein berre stoppa opp og nyta litt og!




Ha ein flott sommar vidare, med eller utan sol!

mandag 17. juni 2013

Årets fyrste heimadyrka og hausta jordbær!

Stas! Og ekstra godt!!


I går vart det to, og dag skal me hausta fleire! Solmodne, ferske og gode jordbær. Nam!

søndag 16. juni 2013

Bruktbutikkraid og loppemarknad-kupp

Eg var på jentetur i går, på bruktbutikkraid og ein loppemarknad som me plutseleg såg skilt om langs vegen. Stas! Godt lag og god shopping. Det blir ikkje stort betre enn det på ein laurdag. Her kjem eit biletras av kva eg kjøpte:
Eg fekk so lyst til å perla då eg såg denne boksen, spørst om eg klarar venta til eg får småtroll på vitjing...Han vart med meg heim i allefall. 50 kr for mange perler og perleunderlag. Eit kupp!!


















Dei allerfinaste fata kjem i nærbilete til slutt. Eg likar so godt fargane og mønstera! Frå Figgjo sjølvsagt...



I dag har det berre vore soling, lesing og bittelitt rydding og klesvask på programmet. Ei super helg med andre ord! So no kan måndagen berre koma!

søndag 9. juni 2013

Falaffel

I går fekk me oss endeleg til å laga falaffel! Det er kjempe lengje sidan sist, og det har vore tomt i frysen lengje. Me lagar alltid nok til å frysa fleire porsjonar når me fyrst er i gang. Det er godt å finna nesten ferdige middagar i frysen på travle kvardagar. Tin og varm falaffelen og lag klart tilbehøyret, og so er middagen klar!

Oppskrifta me brukar er basert på NRK sitt program Migrapolis si kokebok (det er mange andre kjekke oppskrifter og i den boka!). Me har endra litt på oppskrifta undervegs, mest i forhald til krydderet. I dag vart det ca 80 falaffelar på storleik med små kjøttbollar.

Dagens oppskrift vart slik:

1 kg tørre kikerter (dei låg i blaut i kaldt vatn i ei skål natta før, men skal ikkje kokast)
4 små/medium store lauk
2 heile kvitlaukar, det var ca. 19 fedd.
1 pk persille, slik vakumpakka avskoren som du kjøper på butikken
ca. 2-3 ts salt (det står 1 ss i oppskrifta, men eg dobla ho)
8 ts spisskummen
ca. 4 ts chilipulver
2 ts bakepulver
2 middels store skrella poteter

(olja til steiking, eg brukar rapsolja)

Alt skal blandast saman og knusast/mosast i ei kjøkkenmaskin eller matmølla på middels hastigheit til alt er godt blanda, men framleis litt grovt i konsistensen. Sidan eg doblar oppskrifta, pleier eg å ta litt og litt, og so blanda det i ein stor bakebolle etterkvart. Då er eg litt snillare med food prosessoren min, og alt blir betre blanda. Difor vart det ca. 4 ts chili i dag, fordi eg hadde litt i kvar blanding. For å sikra at det blir både smak og rett forhold i heile deigen. Du ser bilete av den ferdige røra lenger ned på sida.

Når falaffelen skal steikast er det viktig å ha nok olja i steikepanna (ca. 2 dl rapsolja gjekk med i dag til steikinga), viss ikkje blir han ikkje skikkeleg steikt, og det er viktig å ha jamn varme. Eg steikte på 7 i dag (komfyren vår går opp til 9), so ganske sterk varme heile tida.

Falaffelen vart servert nysteik og god til lønsj i dag, me skal til svigers på grilling i kveld - me er jammen heldige!! So då vart det enkelt tilbehøyr: heimelaga tzatziki og salat. Enkelt og godt! Ellers er det og godt med pitabrød eller torillalefser og salat til og ein god saus, eller couscous med grønsaker og tzatziki slik Ikea serverer det no. Og det er sikkert manga andre variasjonsmogelegheiter og. Godt er det jaffal!

Her kjem eit biletras frå siste del av produksjonen.










Et og nyt. Herleg! God helg herifrå!
Ps. Desse er kjempefine til kjøtfrie måndagar (og alle andre dagar i veka)!

lørdag 1. juni 2013

Pavlova-oppskrift


PAVLOVA

4 eggekvitar
250 g sukker
2 ts maisenna
1 ts kvitvinseddik

Pisk eggekvitane til dei er stive. Pass på at dei er romtempererte før du byrjar (eg har alltid egg på disken i ei skål, fint, samtidig som eg alltid har egg som er klare til baking).

Sett ovnen på 160 grader. Uansett om du lagar mini Pavlova eller ein stor, skal dei/han stekast i nedre del av ovnen i ca 1. time.

Når eggekvitane er stive skal du tilsetja sukker. Tilsett sukker i fleire omgangar til blandingen er tjukk og blank, og og visp til alt sukkeret er oppløyst. Ikkje visp for lenge, då blir blandinga kornete. 

Rør inn maisenna og vineddik. Hell blandinga ut på steikebrettet med bakepapir på. Lag små flate runde klattar dersom du lagar mini-pavlovaar eller form som ei kaka som er ca 2,5 cm høg. 

Steik i ein time. 

Ta Pavlovaen ut av ovnen medan han framleis er varm, snu han forsiktig og legg han/dei på et fat med botnen opp. Lat han/dei bli kald(e). 

Pisk krem til å ha opp på, og pynt med til dømes jordbær, bringebær og blåbær. Hakka sjokolade og kiwi er og godt  på! 

Pavlovaen står seg fint på disken under eit klede i minst ei veka, eller i ein tett boks trur eg (det skal eg prøva ut). Desse Pavlovaene blir sprø utanpå og seige inni, og kan minna litt om marengsen til Verdas beste eller Kvæfjordkaka som ho og blir kalla. Nydelege! OG kjekt å ha på lur dersom ein skulle få besøk ein fin sumardag!

P.S. Tidlegare lagde eg heilt sprø eller harde Pavlova, men desse er betre spør du meg. Eg fann oppskrifta på bloggen til Norske interiørblogger som har fått oppskrifta av Ralfefarfar. Kjekke bloggar begge to!


fredag 31. mai 2013

Pavlova og helg

Eg lagar ofte mini-pavlova'ar, for då er det lettare å tilpassa gjestetalet. Desse er seige og gode inni, og står seg fint utan krem og bær i vekesvis. Fint å ha, særleg dersom ein plutseleg får overraskande besøk!
Ha ei riktig god helg!

tirsdag 28. mai 2013

Sjokoladepiken i Stavanger

Sjokoladepiken i Stavanger er ein plass 
eg må vitja når eg er i byen. 


Heimelaga sjokolade, dessertar og is, god kaffi og so vidare! 



Laurdag åt eg og Katten  dessert der, me delte. Ein hasselnøttmousse med bringebærsaus og ein pasjonsfruktmousse med pasjonsfruktsaus inn til. 

Nydeleg!!


Beklagar for nok ein gong grumsete nærbilete. Se la vie!