onsdag 23. juli 2014

Kvitlaukshausting

I dag var det på høg tid å hausta årets kvitlauk. Lauva var visna, og nokre hadde nesten forsvunne heilt. Det så ut som den egyptiske som me planta saman med tidlegare avling klarte seg best og var klart størst. Så viss eg kjem over fleire slike skal eg jammen meg kjøpa dei! Skal og sjekka nettet for det finst ei sida med økologiske frø og lauk, solfrø? Solhatt var det! Kvitlauken finn du her - sjølv om nett no står det at dei er utselde, so håpar eg dei får innatt før september kjem! Eg må finna det ut og bestilla snarast!


16 stk med stort og smått. Klar auke frå i fjor. Hurra!!


Dette gjev meirsmak!