tirsdag 2. april 2013

Påsken 2013

Me har hatt ein strålandes påske, slik som mange andre i år. Herlege dagar med sol og fyrst vår, før me reiste heim til ho mor kor det var snø og vinterland. Her kjem eit biletras for å verkeleg syna fram dei gode dagane me har hatt. Håpar din påske har vore lika fin!


Heilt naturleg og den einaste påskepynten me hadde framme i år. Godt å kvila augo på.



Herleg vårstemning i lufta!


Overgangen er jammen stor; frå kyst til fjell på kort tid. Fint!




Nydeleg skiføre! Det vart skigåing kvar dag! Eg likar å gå på bortover ski!

'
Det obligatoriske kvikklunsj-biletet...



Det er visst ikkje berre menneska som tykte at det var fint ver å ta seg ein tur ut i...



Ein kaffipause og tur til finaste Patina måtte og leggjast inn i planane! Eg anbefalar verkeleg å ta turen innom der!! Verdas beste cortado og trivelegaste eigarar + mykje kjekt å kjøpa i brukt og nytt-butikkavdelinga gjer staden til eit skattkammers!




No kallar kvardagen att med jobb og studie. Det er fint det og!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar