Me har vore å sett på tomt i dag - so spanande! No må me høyra med kommunen om me får byggjeløyve, noko som er endå meir spanande. Me går med andre ord uvisse tider i møte, forhåpentlegvis uvisse i positiv retning. Får me byggjeløyve vert det tomtekjøp på oss, so tomterydding og tomtesprenging og tomteplanering. Og ein gong i framtida husbyggjing...eg kjenner det kriblar i magen. Tenk å få det akkurat slik me ynskjer oss huset.
Det vert nok litt tomtetenkjing på meg her inne framover. Og kanskje litt mindre reising enn før? Reisinga ofrar eg gjerne for draumetomta! Sjølv om det var veldig kjekt i København i vinterferien. Med nydeleg sol, men sur og kald vind. Litt shopping vart det og då, mellom anna boksen du ser på biletet over. Kjøpt hjå Tiger - ein altmogelegbutikk med mange kjekke og ikkje minst billige ting og tang. Ein av mine "må vitja"- butikkar når eg er i Køben. Innimellom er eg innpå nettsida deria og drøymer meg vekk, sjølv om eg veit at dei ikkje sender til Noreg. Kjekt med litt inspirasjon og! Etter tomteturen i dag var me innom på den lokale bruktbutikken, der vart det "berre" eit serveringsfat på meg - eit som passar mugga i innlegget under perfekt. Endå eit kupp!
Etter tomteturen kom me heim og laga deileg lønsj, pastasalat med varm kylling og god dressing. Så bar det ut på verandaen for å nyta kaffikoppen i solvarmen - herleg! Tenk å kunne sitje ute og lesa i sola allereie i marsmånad, det kan eg ikkje hugsa å ha gjort før?
Ha ein fortsatt fin laurdag!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar