
Kremmerhuset var eit av måla for dagens utflukt - og høgast oppe på ynskjelista var den tøffe GULE stålampa som du ser på biletet over. Biletet har eg lånt frå bloggen til Kremmerhuset. Diverre (eller kanskje heldigvis? - det vart jaffal billigare slik) var lampa utseldt, dei hadde ho i grå, men det frista ikkje. Så eg endte opp med å gå tomhendt frå butikken denne gongen. Heldigvis var det andre butikkar som hadde noko å by på, og nokre av funna skal eg prøva å ta bilete av i morgon for å visa fram.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar