I tillegg må eg skriva ei oppgåva, ho skal leverast straks etter påske, og eg hadde ikkje sjanse om å byrja på ho tidlegare, for eg leverte ei oppgåva rett før ferien og. Jaja, no har eg jaffal fått byrja, og då er ein baug forsert jaffal...
Sidan eg ikkje har nokre bilete herifrå å dela, legg eg ut nokre frå bordet heima, som de ser vart det ikkje noko påskepynting i heimen før me tok ferie. Travle tider har det vore, og det kjem det vel til å fortsetja med ei stund til. Berre ein liten påskehare som har sneke seg nesten ubemerka inn i huset i år...
Som du ser so har eg ikkje ein gong klypt av "lappen" frå ryggen til haren ein gong, stakkars hare som må gå rundt med prislappe på seg. Eg kan heldigvis seia som sant er at eg har gjort det no, so no slepp han å sjå slik ut lenger.
Eg tykkjer desse fargane er så fine saman. Ton i ton, grått og metall, og ulike nyansar av turkis. Herleg!
I skåla var det mørk sjokolade 70% med peppermynte. Nam nam - treng eg seia meir? Han finst ikkje lenger no...
GOD PÅSKE!P.S. No har eg tøffa meg og meldt meg på NIB si utfordring om fargar - eg berre måtte - eg elskar fargar, sjølv om kanskje eg ikkje har fått det fram her inne enno...Men bileta over, det er jaffal meg og mine fargeval! Jaja, no må eg snart koma meg vidare med oppgåva...ha fortsatt god påske!
Lekre bilder og nydelige blåtoner :)
SvarSlettLykke til i utfordringen :)
Tusen takk for koseleg kommentar! No har eg vitja bloggen din, og der var det mykje kjekt! :) Lukke til i utfordringa sjølv! :)
Slett